Geograf Silje Aurora Andresen vil vita kva som påverkar små lokalsamfunn si evne til å førebu seg på, handtera og koma seg etter ekstremhendingar.
Ho trur nemleg ikkje på dei som hevdar at større kommunar står betre rusta til å takla framtidige naturkatastrofar. Tvert om. – I dagens debattar om sentralisering og samanslåing, om skadefare og robustheit, kan denne forskinga bidra til å koma med alternativ til debatten som påstår at større er betre, og sjølv om eit lokalsamfunn er spesielt utsett, eller sårbar, betyr ikkje dette nødvendigvis at dette lokalsamfunnet ikkje har god evne til å taka ekstremhendingar, seier ho.

NTNU
Andresen er ein del av ei større gruppe forskarar ved Geografisk Institutt (NTNU) som jobbar med dette temaet. Eitt av måla med prosjektet er å bidra med meir kunnskap for å styrkja lokalsamfunnets evne til å møta klimaendringar og naturfarar i framtida.

– Fokuset er ikkje berre på korleis du kjem tilbake til «slik det var før», men også korleis ein jobbar vidare med å vera betre rusta til å møte ekstremhendingar. Dette er noko eg meiner lærdølene sit med mykje erfaring og kunnskap om. Dette er ein spesielt interessant stad med mykje historie, som har møtt store utfordringar, og som ein stad som er svært utsett og sårbare for fleire ekstreme vêrhendingar.

Ferdig i 2018
No inviterer ho bygdefolket til ope møte tysdag 27. januar i kommunestyresalen på rådhuset og håpar at så mange som mogleg tek turen.

– Lærdølene kan bidra til forskinga med den kunnskapen dei sitt inne med.

Andresen skal jobbe med dette prosjektet fram til 2018 og var første gong i Lærdal i august. No skal ho vera i bygda i litt over ei månad, og fleire turar tilbake blir det. Ho kjem også til å reisa rundt til andre stadar for å få eit samanlikningsgrunnlag.

– Det er interessant med lokalkunnskap. Kva er lokalkunnskap og korleis skil Lærdal seg i forhold til større kommunar, spør ho.